Lover for Vest-Agder Ungdomslag

  • § 1 FØREMÅL
  1. Vest-Agder Ungdomslag skal arbeide for å styrkje den frilynde ungdomsrørsla i Vest-Agder og Setesdal i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.
  2. Vest-Agder Ungdomslag skal vere eit fast bindeledd laga imellom og mellom laga og Noregs Ungdomslag. Særleg skal fylkeslaget ha ansvaret for å fremje sams kulturelle og økonomiske føremål, norsk kulturarv, skipe nye lag og kome med nye tilbod til medlemene gjennom laga.

 

  • § 2 MEDLEMSKAP OG ÅRSPENGAR
  1. Vest-Agder Ungdomslag er med i Noregs Ungdomslag.
  2. Alle ungdomslag i Vest-Agder og Setesdal som vil arbeide i samsvar med føremålet i § 1 kan bli medlem av Vest-Agder Ungdomslag.
  3. Vest-Agder Ungdomslag kan ta opp enkeltmedlemmer direkte der det ikkje er ungdomslag.
  4. Medlemmene i ungdomslag og direkte innmelde medlemmer betaler til fylkeslaget dei årspengane som er vedtekne på årsmøte i fylkeslaget.

 

  • § 3 ÅRSMELDING
  1. Arbeidet i fylkeslaget og i ungdomslaga skal følgje kalenderåret.
  2. Ungdomslaga registrerer årsmelding/årsrapport, medlemer og nytt styre digitalt i det sentrale registeret kvart år innan fastsett frist.
  3. Fylkeslaget registrerer årsmelding digitalt i det sentrale registeret til Noregs Ungdomslag innan 1. april.

 

  • § 4 ÅRSMØTET
  1. Innkalling: Årsmøtet skal haldast kvart år innan 31. mars. Årsmøtedato og -stad skal kunngjerast skriftleg til lokallaga minst to månader på førehand. Innkalling til årsmøtet skal sendast minst to veker på førehand, saman med sakliste og saksdokument for møtet. Omframt (ekstraordinært) årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller 1/3 av alle ungdomslaga krev det. Frist for innkalling til omframt årsmøte er 14 dagar.
  2. Røysterett: Ungdomslag som har inntil 50 medlemmer, har rett til to utsendingar til årsmøtet. Deretter ein for kvart nye påbyrja 25 medlemmer. Ikkje noko lag skal ha meir enn fem utsendingar. Lokallag som har registrert årsmelding/årsrapport og har betalt årspengar innan fastsett frist, har utsendingsrett. Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte. Lokallagsstyret kan få fullmakt av årsmøtet til å velje utsendingar. Røysterett har styret i fylkeslaget og utsendingar frå ungdomslaga. Ekstra utsendingar frå lokallaga utover utsendingsretten deira jfr medlemstalet, gjev observatørstatus utan røysterett. Årsmøtet kan likevel gje heilt eller delvis talerett for observatørar. 
  1. Saker: Årsmøtet skal ta stilling til:
    a) Årsmelding
    b) Revidert rekneskap for fylkeslaget og for fondet.
    c) Reglar for fondet og eventuelle endringar av desse. Vedtak av reglar for fondet og endringar av reglane for fondet krev 2/3 stemmefleirtal.
    d) Arbeidsprogram
    e) Budsjett
    f) Andre saker som styret legg fram for årsmøtet/innkomne framlegg

Lokallag og nemnder kan kome med framlegg om saker til årsmøtet. Sakene må vere melde skriftleg til styret i fylkeslaget innan fastsett frist. Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje er oppsett på lovleg utsendt innkalling.

  1. Val: Valnemnda gjev årsmøtet ei innstilling på:

    a) Styret i fylkeslaget:
    Leiar, fire styremedlemmer med to varamedlemmer. Leiaren blir vald særskild for eitt år om gongen, funksjonsperioden for styremedlemmene derimot, er to år. Styremedlemmene veljast alltid slik at to står på val det eine året og to på val det andre året. Varamedlemmene blir valde særskild for eitt år om gongen.

    b) Fondsstyre: Fire personar med ein varamedlem. Ein av medlemmene i fondsstyret bør ha utdanning som revisor, jurist eller ha god kunnskap om pengeplassering. Denne personen kan vere ein som ikkje er medlem i Vest-Agder Ungdomslag. Leiaren i fondsstyret skal vere medlem i Vest-Agder Ungdomslag og vert vald særskild for eitt år om gongen. Ved røysting har leiaren dobbeltstemme. Medlemmene i fondsstyret skal veljast for to år om gongen, men første gongen blir ein av medlemmene vald for eitt år. Varamedlemmen vert vald for eitt år om gongen.

    c) Valnemnd: Tre medlemmer og to varamedlemmer. Funksjonsperioden i valnemnda er to år. Første året vert to av medlemmene valde for eitt år. Valnemnda konstituerer seg sjølv. Varamedlemmene vert valde for eitt år om gongen. 

    d) Val av revisor.

    e) Utsendingar til landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar.

    Gjennomføring: Årsmøtet konstituerer seg ved godkjenning av innkalling og sakliste, val av ordstyrar, to referentar og to utsendingar til å skrive under årsmøteprotokollen. Ved røysting gjeld vanleg fleirtalsvedtak, med unnatak av lovendring eller reglar i høve fondet, då trengst 2/3 fleirtal.

 

  • § 5 STYRET
  1. Styret konstituerer seg sjølv når det gjeld nestleiar, og står fritt til å velje nemnder (som ikkje er namngjevne i § 4.4.) etter behov. Styret står fritt til å velje kasserar og skrivar blant styremedlemmene eller setje denne jobben til ein person utanom styret.
  2. Styret har ansvaret for at arbeidet i fylkeslaget blir drive i samsvar med lover, styringsføresegner, arbeidsprogram og andre vedtak gjort av årsmøtet. Styret har ansvar for lagseiga og den daglege drifta av fylkeslaget, og det overordna ansvaret for arbeidet i nemnder og særgreiner.
  3. Styret skal drive fylkeslaget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med arbeidsprogram og budsjett.
  4. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades og røystar.
  5. Styret skal syte for at det blir skrive referat frå styremøte og andre møte i fylkeslaget.
  6. Styret skal vere orientert om lovene til lokallaga og sjå til at dei er i samsvar med føremålsparagrafen.

 

  • § 6 UTMELDINGAR, SKIFTE AV FØREMÅL OG NEDLEGGING
  1. Dersom fylkeslaget ønskjer å leggje seg ned eller melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må dette vedtakast på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom og med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget.

  2. Dersom fylkeslaget 2 år etter kvarandre ikkje har levert årsmelding og rekneskap etter § 3.3., skal fylkeslaget bli kontakta av Noregs Ungdomslag sentralt, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering blir vurdert.

  3. Dersom fylkeslaget 3 år etter kvarandre ikkje har levert årsmelding og rekneskap etter § 3.3., skal fylkeslaget reknast som nedlagd.

  

  • § 7 TRYGGING AV EIGA
  1. Alt det laget tener og eig skal gå til arbeidet i laget jfr. 1 (føremålsparagrafen).
  2. Avhending av ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom skal ha samtykke frå fylkesårsmøtet.
  3. Blir fylkeslaget lagt ned, skal styret sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Eventuell restformue etter dette skal bli nytta til beste for lokallaga som er tilknytt fylkeslaget etter ein fordelingsnykel basert på registrert medlemstal i det digitale medlemsregisteret sentralt dei 5 siste åra. Om styret ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga.

 

  • § 8 TRYGGING AV VERDIANE I LOKALLAGA
  1. Fylkeslaget skal ta vare på midelen til ungdomslag som blir lagde ned eller skifter føremål så dei ikkje lenger kan vere med i fylkeslaget. Dersom laget ikkje er kome i gang att om 7 år, eller det ikkje er skipa nytt, godkjent lag på staden, skal midelen nyttast på den måten som er fastsett i lova til laget. Dersom lagslova ikkje seier noko om dette, skal midelen overlatast til bygda/grendelaget/byen, som nyttar han til beste for ungdomsarbeidet på staden.
  2. Dersom fylkeslaget er nedlagt/oppløyst, skal lova til Noregs Ungdomslag gjelde når ein skal avgjere om lokallaget er lagt ned eller har skift føremål.
  3. Utgiftene med styringa skal berast av midelen.

 

  • § 9 LOVENDRING
  1. Framlegg til endringar i lova må sendast skriftleg til styret i fylkeslaget seinast 2 månader før årsmøtet.
  2. Framlegg om lovendring må kunngjerast for ungdomslaga minst ein månad føre årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta framlegget med 2/3
  3. Styret i Noregs Ungdomslag skal verte orientert om endringar i lova.
Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag for ungdomslag i vestre Agder og Setesdal. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Image

Vest-Agder Ungdomslag

  Besøksadresse: Peder Claussønsv. 3A, 4520 Lindesnes

  vest-agder@ungdomslag.no

  97 06 44 85