Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Vest-Agder Ungdomslag har - som einaste fylkeslag i landet - ei treårig folkedansinstruktørutdanning. Heller ikkje i Noregs Ungdomslag sentralt har dei ei slik satsing. Om lag 25 ihuga dansarar samlast til ei helgesamling og ei dagsamling i halvåret, pluss mykje dans utanom: Dans i eige lag, dans i andre lag, samarbeidsdansen - og dansefestar. For komande instruktørar er det viktig å danse så mykje som mogleg. Halvparten av kursdeltakarane vil òg for fyrste gong delta på lagdans på Landskappleiken på Hovden med springedans frå Fjotland for Kristiansand spel- og dansarlag. Satsinga byrja i april -25, og vert avslutta våren -28.
Me minner om at det er mogleg å leggje ut arrangement her på heimesida til Vest-Agder Ungdomslag. Leiaren i laget får tilsendt brukarnamn og passord og kan dermed leggje ut tilskipingar. Ta gjerne kontakt med fylkesskrivaren om du lurer på koss det gjerast.
Storkurset 2027 blir helga 5.-7. februar på Høgtun Kultursenter i Øyslebø. Her blir det lagt vekt på alle 5 hovudområda: Dans, teater, organisasjon, spel og handverk. Set av helga allereie no!
13 September
Folkedans for alle på Heimtun i Lyngdal frå kl. 17-20 med levande musikk. Inga påmelding, inngang 50 kr inkl. kveldsmat. 17:00 – 20:00
31 Oktober
Roy Jahnsen spiller opp. Matservering. Påmelding, 18-års aldersgrense. 350kr,- inkl mat. 20:00 – 01:00