Barn og unge
Vest-Agder Ungdomslag ynskjer å satse særskilt på barn og ungdom. Utan nye medlemer og unge medlemer har ikkje ungdomslagsrørsla noka framtid, så satsinga er ikkje berre eit innslag for auka blest og fokus på barne- og ungdomsaktivitetar – men eit tvingande naudsynt tiltak for å sikre framtida til fylkeslaget og alle lokallaga under dette. Satsinga på unge viser seg ved at Vest-Agder Ungdomslag gjev ut 6 storkursløyvingar på 1000 kr til dei laga som har dei yngste storkursdeltakarane på storkurs i Rogaland, Telemark og Aust-Agder. Hovudutfordringa er å ha nok instruktørar innan fylket innan dans.
Dans
Tradisjonell barneleikarring er det for tida UL Lyngdølen som driv fast.
Holum UL har framsyning på 17. mai med ungane.
Lindesnes UL har ungar som dansar i revyen.
Innimellom har Lista UL og Lindesnes UL hatt ein tradisjonell barneleikarring.
Fritidsklubb / Diskotek
Kvås UL har ein fredagsklubb med diskotek og ymse aktivitetar ein gong i månaden.
Grindheim UL har barnediskotek, og dette har dei hatt tradisjon for i mange år. Dei har òg lenge hatt tradisjon for ungdomsklubb.
Marnardal UL har barnediskotek frå 1.-7. klasse. Marnardal UL har òg dataparty for ungar med jamne mellomrom.
UL Fram har barne- og ungdomsklubb frå 1.-10. klasse, fordelt på tre grupper.
Søgne UL har barnediskotek frå 3.-7. klasse, med 80-100 ungar kvar gong. Søgne UL har dessutan bruktsal/-butikk med sportsutstyr, noko som er særskilt populært for ungane.
UL Lyngdølen har 2-3 diskotek i året.
Teater
UL Kvindølen har hatt ei stor barneteatergruppe med suksess og ei fersk ungdomsteatergruppe, men det er nokre år sidan.
Lindesnes UL har som einaste revygruppe i landet barn med i si revygruppe. Mest halvparten av dei som er med på scena er under 26 år.
Vennesla frilynde UL har tidlegare hatt mange år med god barneteaterverksemd, og har såleis gode kunnskapar lokalt dersom barneteaterarbeidet vert teke opp att.
