Det skjer

Treårig folkedansinstruktørsatsing

Treårig folkedansinstruktørsatsing

Vest-Agder Ungdomslag har - som einaste fylkeslag i landet - ei treårig folkedansinstruktørutdanning. Heller ikkje i Noregs Ungdomslag sentralt har dei ei slik satsing. Om lag 25 ihuga dansarar samlast til ei helgesamling og ei dagsamling i halvåret, pluss mykje dans utanom: Dans i eige lag, dans i andre lag, samarbeidsdansen - og dansefestar. For komande instruktørar er det viktig å danse så mykje som mogleg. Halvparten av kursdeltakarane vil òg for fyrste gong delta på lagdans på Landskappleiken på Hovden med springedans frå Fjotland for Kristiansand spel- og dansarlag. Satsinga byrja i april -25, og vert avslutta våren -28.

 

Vil du leggje ut arrangement for lokallaget?

Vil du leggje ut arrangement for lokallaget?

Me minner om at det er mogleg å leggje ut arrangement her på heimesida til Vest-Agder Ungdomslag. Leiaren i laget får tilsendt brukarnamn og passord og kan dermed leggje ut tilskipingar. Ta gjerne kontakt med fylkesskrivaren om du lurer på koss det gjerast.

 

 

17. MAI

17. MAI

No er det nokre få månader til 17. mai - som er eit supert høve til å vise fram ein barneleikarring, ein vaksenleikarring - eller eit teaternummer. Alt dette er gratisreklame for ungdomslaget. Mange lokallag skipar til ei samling på lagshuset denne dagen - med kaker, flagg, is, brus, pylser og det som høyrer til. Atter andre har kanskje aktive roller og oppgåver på 17. mai for at dagen skal bli greitt arrangert. Me har gode verdier å hegne om - og det er ingen tvil om at 17. mai er ein viktig dag for kvar og ein av oss - og for ungdomslaga. -  17. mai-tog er òg viktig - og hugs å ta på bunaden! Biletet er frå 17. mai-toget der UL Lyngdølen gjekk med lagsfana og mange bunadkledde ungdomar. Me gler oss allereie!

Storkurs 2027

Storkurs 2027

Storkurset 2027 blir helga 5.-7. februar på Høgtun Kultursenter i Øyslebø. Her blir det lagt vekt på alle 5 hovudområda: Dans, teater, organisasjon, spel og handverk. Set av helga allereie no!

Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag for ungdomslag i vestre Agder og Setesdal. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Image

Vest-Agder Ungdomslag

  Besøksadresse: Peder Claussønsv. 3A, 4520 Lindesnes

  vest-agder@ungdomslag.no

  97 06 44 85