Dans

Agder folkemusikk- og folkedansnemnd

AFF – Agder folkemusikk- og folkedansnemnd er ei nemd som vart til då nemnda for Agder folkemusikklag og nemnda for folkedans og folkemusikk vart slegne saman i 2015. Nemnda står for dei fleste dansetilskipingane i fylket, herunder vår- og haustfolkedansfesten og einskilde dansekurs, og ikkje minst samarbeidsdansen mellom lokallaga i vest. Samarbeidsdansen er den andre sundagen i månaden og går på rundgang hjå laga Lista UL, Lindesnes UL, UL Lyngdølen, Kvina UL og Flekkefjord ML og UL. Leiaren i AFF koordinerer sundagane.

I tillegg held Liv Arvidsson og Osmund Valand Eikeland kontradansøvingar om lag ein sundag i månaden på Ljosheim. Ta kontakt med dei for info/påmelding.

Samarbeidsdansen

Kvar andre sundag i månaden har du høve til å kome på dans frå Lista til Mandal. Dette er eit nytt tiltak i fylkesregi, og vona er at det same kan dukke opp i austre delen av fylket.

Lyngdal, Lista, Halse og Lindesnes er med på dette, og samarbeidet går ut på å skipe til dans frå kl. 17-20 den andre sundagen i månaden, som alle kan vere med på. Gunvor Syvertsen er koordinator og Svein Jepsen, Margrethe Wolden og Toralf Skoland er spelemenn. Det er ei heilt fantastisk stemning på desse kveldane, og særleg songdansen når nye høgder kvar gong, med eit 30-40-tals ihuga frammøtte dansarar. Urøynde dansarar har ikkje noko å frykte, då mange av dansane får ein kort repetisjon før spelemennene byrjar på melodien. Agder folkemusikk- og folkedansnemnd har heilt klårt skote blink med dette tiltaket. Endeleg har me ei ”orsaking” for å gå på vitjing til kvarandre, slik det var vanleg på lagsmøta for 20 år sidan. All honnør til den gilde nemnda med den gode idéen! Bileta viser to av sundagane, som var på hytta i Flekkefjord og på Nortun i Vanse.

Lag med danseaktivitet

Flekkefjord UL og ML: Leikarring kvar onsdag på Skogheim (hytta) ved Bjelland i Flekkefjord.
Kvina UL: Leikarring/danseøving kvar andre torsdag på Kvinaheim i Austerdalen.
UL Lyngdølen: Seniordans kvar fredag på Heimtun i Lyngdal.
Lindesnes UL: Leikarring kvar måndag kl. 19 på Vigelandstua på Vigeland i Lindesnes.

BUL Kristiansand: Lagsmøte med føredrag kvar onsdag i BUL-salen i Gyldenløvesgt. 11 i Kristiansand. Songdanskveldar nokre måndagar i månaden, ta kontakt med Enny-Karin Vindheim for informasjon.
Greipstad UL: Leikarring kvar måndag på Songtun på Nodeland.
Iveland UL: Sporadiske dansekurs
Lista UL: Sporadiske dansekurs

Verv

Namn

Epost

Telefon

Adresse

Postnr./stad

Leiar

Gunvor Syvertsen

90 99 84 21

Brynetoppen 3

4560 Vanse

Medlem

Toralf Skoland

47 07 12 28 / 38 34 61 21

Ramselia

4580 Lyngdal

Medlem

Arild Syvertsen

90 57 08 62 / 97 72 49 80

Hjortelandsv. 124

4515 Mandal

Medlem

Hillbjørg Tveit

48 22 84 80 / 38 39 13 98

Kaneheia 15

4550 Farsund

Medlem

Svein Jepsen

95 13 87 84 / 38 02 33 18

Kronprinsensgt. 41

4614 Kr.sand S

Medlem

Tor Steinar Fromreide

91 12 98 63 / 38 39 12 60

Kaneheia 54

4550 Farsund

Medlem

Paul Sveinall

91 52 19 97 / 38 28 61 04

Skarstad gard

4534 Marnardal

Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag for ungdomslag i vestre Agder og Setesdal. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Image

Vest-Agder Ungdomslag

  Besøksadresse: Peder Claussønsv. 3A, 4520 Lindesnes

  vest-agder@ungdomslag.no

  97 06 44 85