Arbeidsprogram
ARBEIDSPROGRAM FOR VAUL FOR 2025
Hovudmålsetjinga til Vest-Agder Ungdomslag er å vere ein viktig organisasjon innan folkedans og folkemusikk i Agder. Vest-Agder UL ser det som særs viktig å prioritere ungdomen både når det gjeld organisasjon og opplæring. Fylkesleddet ser det som si oppgåve å gje oppfylging til lokallaga. Satsingane og tiltaka for dette året er:
Styret sitt arbeidsområde
1. Tilby utdanning og kurs til fylkestillitsvalde (i samarbeid med nemndene) i høve fagseminar, storkurs og leiarkurs.
2. Vere representert på landsrådsmøte, landsmøte og andre viktige samlingar på sentralt og regionalt nivå (i samarbeid med nemndene).
3. Gje gratis opplæring til lokallaga på regionale kurs i høve 3-årig satsing på folkedansinstruktørutdanning i fylket, med høgst prioritering for dei under 26 år.
4. Støtte lag som sender ungar på barnleik det året dette vert tilskipa (kvart fjerde)
5. Støtte ungdom som vil reise på NU sin sommarleir (i samarbeid med lokallaga)
6. Støtte lag økonomisk som sender folk på storkurs (6 stipend à 1000 kr til dei 6 yngste)
7. Støtte lag økonomisk i høve Aksjon lokallag og i høve aktivitetstilskot
8. Støtte lag økonomisk som ynskjer å skipe til barnestemne
9. Hjelpe laga som treng det med HMS-arbeid
10. Skipe til eitt samrådingsmøte/temamøte viss behov for det
11. Halde kontakt med lokallaga, m.a. ved telefonkontakt og post/e-post og evt. møte
12. Skipe til fylkesfinalen i Kven Veit (i samarbeid med førre vinnarlag)
13.Tilby bunadinformasjon til lokallaga via bunadkontakt Dag Olav Hagen
14. Vedlikehalde og bleste liste over instruktørar og spelemenn rundt om i fylket
15. Bruke fleire kanalar og måtar til PR og blest, t.d. fjesboka, heimeside, film mm.
Teater:
1. Støtte lag økonomisk som held på med revy
2. Vere til stades på premierar i lokallaga
3. Informere om støtteordningar og NU sitt teatertilbod
Fondstyret for Bondeheimenfondet
1. Føre tilsyn med fondet innanfor den strategien som er lagt opp for fondet, og sjå etter at fondet får mest mogleg inntekter av plasseringane.
2. Vere sakshandsamar for lånesøknader frå lokallaga
Nemnda for folkemusikk og folkedans
1. Delta på storkurs, landsfestival og/eller andre samlingar
2. Vårfest på Heimtun i Lyngdal 5. april
3. Haustfest
4. Samarbeidsdans 2. sundagen i månaden
5. Filmprosjekt: Film- og lydinnspeling basert på dansane i Dansetradisjonar frå Vest-Agder
