Heidersmedlemmar

Våre to heidersmedlemer er Brit Versland og Olav Molland. Brit har i ei årrekkje jobba med Agderdansane, fyrst med innsamling og bearbeiding, så bokskriving og bortlæring. Springedans frå Fjotland er varemerket hennar.

Olav Molland har sytt for at økonomien til Vest-Agder Ungdomslag er sunn og berekraftig. Han stod i spissen for salet av hotell Bondeheimen i 2003 – og det var ikkje ein jobb for lettvektarar. Det er denne mannens kunnskapar me no haustar fruktene av.

Olav Molland
Brit Versland
Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag for ungdomslag i vestre Agder og Setesdal. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Image

Vest-Agder Ungdomslag

  Besøksadresse: Peder Claussønsv. 3A, 4520 Lindesnes

  vest-agder@ungdomslag.no

  97 06 44 85