Stønadsordninger

Aksjon lokallag 10.000 kr

Til bruk for lokallag som har ei større investering eit år. Ikkje eige søknadsskjema. Søk gjerne på våren kvart år.

Aksjon lokallag 15.000 kr kvart år i 3 år

Til bruk for lokallag som står ovanfor større investeringar fleire år fram. Ikkje eige søknadsskjema. Søk gjerne på våren kvart år.

Aktivitetsstøtte 3.000 kr

Delast ut til totalt 6 lokallag i året. Eige søknadsskjema.

Lån i Bondeheimsfondet

Lokallag med større investeringar kan låne i Bondeheimsfondet. Eige skjema. Ingen søknadsfrist. Renta skal liggje under marknadsrente.

Teaterstøtte

Lokallag med teatergrupper kan søkje om støtte her; potten plar totalt vere på 10.000 kr.

Årsmøtelotteri

Lokallag som har registrert medlemer i det nye året, sendt inn årsrapport, oppdatert styret og møter på fylkesårsmøtet, blir med i trekkjinga av 2.000 kr.